
Bli med på AD4E arrangementet AN AUDIENCE WITH AN ALLY med Lucy Johnstone onsdag 30. april 2025
Bli med på AN AUDIENCE WITH AN ALLY – Eit møte med ein alliert, med Lucy Johnstone onsdag 30. april kl. 1900-2000 (norsk tid). Digitalt på Zoom.
AD4E sin medgrunnleggar Lucy Johnstone vil fortelle om sitt mangeårige arbeid med å finne alternativ til den diagnostiske modellen og synet på livet sine mange påkjenningar og kjenslemessige naud og stress. Meld deg på her.
AN AUDIENCE WITH AN ALLY (EIT MØTE MED EIN ALLIERT) er ein uformell og interaktiv møteplass. Her kan du spørre Lucy om det mangeårige arbeid med aktivisme mot psykiatriske merkelappar og dei påfølgande iatrogene skadene desse kan gi.
Om Lucy Johnstone
Lucy er psykologspesialist, forfatter av ‘Users and abusers of psychiatry’ (3rd edition Routledge 2021) og ‘A straight-talking guide to psychiatric diagnosis’ (PCCS Books, 2nd edition 2022).
Ho er medforfattar av ‘Formulation in psychology and psychotherapy: making sense of people’s problems’ (Routledge, 2nd edition 2013). Vidare ‘A straight talking introduction to the Power Threat Meaning Framework’, 2020, PCCS Books). Samt ei rekke med andre kapittel og artiklar som gir eit kritisk perspektiv på psykisk helse teori og praksis.
Lucy Johnstone er tidlegare leiar av programmet for the Bristol Clinical Psychology Doctorate i Storbritannia UK og har i mange år arbeidd med psykisk helse for vaksne, sist i i Sør Wales.
Lucy var hovedforfattar saman med professor Mary Boyle av ‘Power Threat Meaning Framework’ (2018). Dette er ein British Psychological Society publikasjon som er laga saman med brukarar av tenestene. Her blir eit konseptuelt alternativ til psykiatriske diagnoser skissert.
Lucy er ein konferansetalar og forelesar med lang erfaring og jobbar for tida som uavhengig lektor. Ho er gjesteprofessor ved London South Bank University, og bur i Bristol, UK.
DET ER BEGRENSA PLASSAR (PÅ GRUNN AV STORLEIKEN PÅ ZOOM PLATFORMA)
Det blir gjort opptak av arrangementet for deltakarar som ikkje kan delta på direkten.



Sjå her for fleire artiklar om Lucy Johnstone på Mad in Norway.